Trinn 1 er utseld. 5 av 8 leilegheiter selde/reserverte i byggetrinn 2, med overtaking til jul 2012!
Myrkdalen Vest ligg i den vestre delen av Myrkdalen, eit steinkast frå Myrkdalen Fjellheisar og Voss Fjellandsby og alle tilbod der. Som nabo til skianlegget kan du stå på ski til leilegheiten din etter ein dag på fjellet, og området ligg kort veg frå nedste heisstasjon når det planlagde alpinanlegget i Myrkdalen står ferdig.
Ein leilegheit i Myrkdalen Vest har stor bruksverdi heile året. Området ligg sentralt, sørvendt og luftig på vestsida i Myrkdalen. Vinterstid dominerer snøen landskapet og om sommaren er det lunt mellom fjella ved Myrkdalselva. Ein ferieleilegheit i Myrkdalen vest passar for deg som vil ha det litt privat og barnevenleg i meir landlege og rolege omgjevnader – men likevel i eit levande mindre senterområde og som nabo til skianlegget og alle tilboda den storslåtte naturen gir.
Leilegheitene har gjennomgåande gode kvalitetar, og har m.a. store vindaugsflater, integrerte kvitevarer og høge overskap på kjøkken, downlights i entre og på bad, balkongar med gelender og tak av glas. Leilegheitene har balansert ventilasjon, carport og gjesteparkeringsplass i tillegg.
Erfaringsmessig har kjøp av fritidsbustader i nylanserte område i Myrkdalen svært god avkastning. Kjøp av fritidsleilegheit i Myrkdalen Vest er ei god investering!
Under kan du sjå bilder frå byggetrinn 1. 12 leilegheiter er ferdige og tekne i bruk. Dei 8 leilegheitene i trinn 2 har byggestart sommaren 2012, og er ferdige for overtaking til jul.
.jpg)



.jpg)
